Korleis bestille time?
Det er mange som ønskjer å nå oss og det kan ta litt tid å komme igjennom på telefon.
Du kan enkelt bestille deg time eller resept via internett ved å taste på dei grå knappane til høgre her.
Du kan også nytte vårt SMS køfrisystem. Her kan du velgje to alternativer:
- Du kan via vanleg SMS skrive: VINSTRA, navnet ditt, fødselsdatoen din og grad av hast og sende meldingen til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut:
VINSTRA Ola Hansen 0405190 ønskjer time gjerne i neste veke.
- Alternativt kan du laste ned gratis app frå "Helserespons" og sende SMS via den. Nærare informasjon om appen finn du på neste fane.
Tenestane kostar kr 6,- per melding du mottek frå legekontoret, normalt to meldingar per bestilling. Betalinga lastas telefonrekninga. Du kan sende melding når som helst på døgnet.
Unngå å oppgi sensitiv informasjon på SMS
Ved behov for øyeblikkelig hjelp, ring 1-1-3
Avbestille time, eller endre timeavtale
Ring oss, bruk vår heimeside eller send SMS via app eller med VINSTRA, navnet ditt og fødselsdato, med avbestillingen eller ønskje om endring av time, til 2097. Dette må skje innan 24 timer før konsultasjonen skal finne sted, ellers må du betale for timen.
Heimebesøk
Heimebesøk vil være aktuelt kun der pasienten på ingen måte kan komme til oss på legekontoret.
Korleis bestille resept på fast medisin?
Ring oss eller bruk vår heimeside eller SMS-teneste for bestilling. Ikkje oppgi sensitiv informasjon på SMS.
Attester og korttidssjukemeldinger
Attester og sjukmeldingar skrives ut ved konsultasjon hos din lege om ikkje anna er avtalt. Ved behov for henvisning blir du bedt om å komme til konsultasjon.
Helsekontroll
Etter avtale med din fastlege
Vaksinering
Utføres ved vårt laboratorie etter nærare avtale med din fastlege.